Kidnappet datteren til sorenskriveren: Thore Mathius Thorsson Lie

Horne familien –> Bonde-sønn Thore Mathius Lie f: 1818 i Holt i Aust-Agder d: ukjent, Sandsgaard gård, Rogaland

Romantikk og røving på Sandsgård fogdegård (en haltimes kjøring fra Haugesund).
Mykje og mangt kan forteljast frå futegarden Sandsgård på Nedstrand, romantikk har det og vore.Tore Sandsgård som budde på garden frå 1913, fortel i eit avisintervju frå 1965, om at det i alle fall ved eit høve ikkje gjekk nett slik som skrivaren ville:
Thore Thorsen, født 1818,var bestefaren til Tore Sandsgård. Han var ein stor, spek og uredd mann. Han hadde gått i smed lære og vart mykje brukt til husbygging omkring i distriktet.
På ein av desse turane har han truleg vis møtt Magdalena, skrivardottera. Søt musikk har oppstått og dei to vart glade i kvarandre.
Men noko giftarmål kunne det sjølvsagt ikkje bli noko av: Det gjekk ikkje an i dei dagar at ei skrivardotter skulle gifte seg med ein arbeidsmann, så det sa folket hennar beint nei til..
Bestefaren drog då til sjøs og var borte i 7 år. I denne tida vart det fortalt at skrivardottera lengta slik at ho helt på «å visne bort». Skrivaren laut skrive og be bestefaren komme heim att.
Om det vart gifting med ein gong er uvisst, truleg vart det ikkje det, for soga fortel vidare at bestefaren fekk med seg nokre vener og rodde til Voll og røva skrivardottera.Han ville ikkje gje henne frå seg før skrivaren gav seg.
Kor mykje sanning det er i dette er uvisst …… men gifte vart dei til slutt …..og dei tok over garden i 1849.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *